Jobs

Vil du jobbe innan rekneskap og revisjon, på dørstokken til idylliske naturomgjevnader? 

Bli ein del av Deloitte Sogndal

Vil du utvikle karriera di, og samstundes vere nær fantastisk natur? I flotte Sognefjorden har eit av verdas største revisjonsselskap kontor. Der kan du få begge deler.

Audit & Assurance er Deloitte sitt største kompetanseområde. Me meinar at revisjon handlar om mykje meir enn berre tal – det handlar om å bevise resultat, løyse utfordringar og skape eit solid grunnlag for fremtida. Utan regionskontora, slik som Sogndal, hadde me ikkje fått til dette. Revisorane i Sogndal byggjer sterke band til lokale verksemder og familiebedrifter. Det er eit viktig samfunnsoppdrag.

Me treng fleire dyktige kollegaer og vil gjerne høyre fra deg! Fyrst kan du få lesa litt meir om oss:

Gode utviklingsmuligheiter for nyutdanna og erfarne

Jesper Øvrebø jobbar ved kontoret i Sogndal og har jobba der snart eit år.

– Det er mange grunnar til at eg likar å jobba i Sogndal, seier Jesper, som er fra Luster, studerte i Bergen og flytta heimover igjen i fjor.

– Friluftslivet er ein ting. Eg likar å gå på tur. I tillegg likar eg det inkluderande miljøet på bygda. Og de siste åra har det skjedd mykje i tilbudet for unge. Det er mange nye og spennende uteplassar, fortel Jesper.

Friluftsmulegheitene er definitvt noke heilt unikt for kontoret i Sogndal. På få minutter kan ein vere på fjelltur – enten til fots eller med skia på beina. Det er også kort veg til Jotunheimen.

– Nesten alle på kontoret her går jo på randonee. Folk er aktive og tek i bruk moglegheitane for å fiske, telta ute, dra på hengekøyeturar eller spille frisbee golf. Det er mange banar for det her, seier Jesper.

– En av tingane som er så fint med Deloitte er at det er så enkelt å få overføring til andre kontorer.

Bli en del av Deloitte i Sogndal

Kunne du tenke deg å jobbe saman med Jesper og dei andre på kontoret i
Sogndal? 

Søk her

Nære kunderelasjonar og spennande faglege utfordringar

Jesper opplever at Sogndal blir stadig meir urbant.

– Sogndal er merkbart i vekst. Det er eit flott kulturliv, mange kafear og butikkar. Og så merkar vi at det er mange andre småbarnsfamiliar. Sogndal har blitt ein veldig attraktiv plass!

Jesper har lært mykje i løpet av sitt fyrste år som revisor og associate.

Etter studiane i Bergen jobba han som butikksjef i ein Telenor-forretning i byen, før det opna seg opp ein moglegheit på hjemlige traktar.

– Eg likar godt fleksibiliteten dei tilbyr også. Man kan heilt fint jobbe inn tid for å ta seg ei langhelg på fjellet. Det benyttar eg meg av, fortel Jesper.

Kunne du tenke deg å jobbe saman med Jesper og dei andre på kontoret i Sogndal?

Me søker no etter deg som ynskjer å bli ein del av eit arbeidsmiljø bygga på tillitt og samarbeid. Eventuelt manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring. Me ser fram til å motta din søknad!

Søk her