3 min read

Tek opp kampen mot plasten

Åtte millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. WWF Verdas naturfond kjempar ein innbiten kamp for å få bukt med plastforsøplinga.

Den globale miljøorganisasjonen WWF arbeider for å skapa ei framtid der menneske lever i harmoni med naturen, og der ingen dyr eller andre artar skal døy ut som følgje av handlingane til menneske.

Ei av dei aller mest skurrande tonene i denne harmonien er dei enorme mengdene plast som hamnar i naturen. Denne forsøplinga skapar fatale konsekvensar for dyrelivet i havet, og dyra vert både skada og drepne av å eta og setja seg fast i søppelet.

Berre ein brøkdel

Me har alle sett bileta: Ufattelege mengder plast som ligg nærast som ei eiga landmasse på havoverflata.

– Det ein ikkje ser, er dei om lag 94 prosentane plastavfall som søkk til botnen, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF.

Plasten ein ser med det blotte auget er altså berre ein brøkdel av det som til slutt hamnar i naturen og havet.

– Ein har ikkje vore nok oppteken av resirkulering, sidan ny plast har vore så billig. Det får ein svært stor påverknad på naturen. Me ser til dømes kval med plast i magen, eller sel med plast knytta rundt seg. Det har vorte eit enormt miljøproblem, som ein tidlegare ikkje forstod omfanget av.

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF

Store verditap

Deloitte har på vegner av WWF Verdas naturfond evaluert korleis Noreg skal gjera verdikjeda for plast meir sirkulær. Rapporten synliggjer ei rekke veikskapar i regelverket og organiseringa av produsentansvaret for plast.

– Me klarar ikkje å attvinna nok, seier Anders Magnus Løken, som er plast- og resirkuleringsekspert i Deloitte.

Han forklarar at store verditap bokstaveleg talt går opp i røyk.

– Dersom du berre ser på det me kastar i blå pose i hushaldet, så er det kun 21 prosent som vert attvunne. Då er det nærare 80 prosent som vert brent, eller eventuelt hamnar i naturen. Me har jo panteordninga, og denne fungerer bra, men me får det ikkje til for hushaldsavfall og næringsavfall. Der er det store grep som må takast.

Langt unna målet

Noreg er innan 2025 forplikta til å resirkulera 50 prosent av plastemballasjen me kastar, og me er førebels langt unna å nå dette målet.

– Ei effektiv løysing vil vera å stramma inn ordninga med utvida produsentansvar, seier Mia Caroline Bratz, prosjektleiar i Deloitte.

Produsentansvar inneber at produsentane sjølve har økonomisk ansvar for å attvinna plasten dei set ut på den norske marknaden.

– Per i dag er det ein del hol i denne ordninga. Ein produsent kan laga eit svart plastbeger som ikkje kan attvinnast, og så kan du ha ein annan som legg mykje innsats i å laga eit produkt som er perfekt for attvinning. Begge betaler det same! Det finst ikkje noko økonomisk gulrot for å laga produkt som kan attvinnast. I tillegg bør det vere produsentansvar på all plast, og ikkje berre emballasje. I dag har ingen ansvar for å attvinna hard plast som leiketøy og utemøblar, noko som medfører at det meste av denne plasten går til forbrenning, seier Bratz.

På bakgrunn av rapporten har WWF stilt seks krav til Regjeringa om endringar i produsentansvarsordninga for plast.

– Ikkje for seint

– Det er mogleg å snu trendane, men det er ikkje gjort i ein fei, seier Løken.

Han peikar på at attvinningsgraden for metall og papir er særs høg, og har von om at brukt plast ein gong i framtida vil få like høg verdi.

– Me har både regulatoriske og økonomiske virkemiddel som me veit fungerer, slik som produsentansvar, men dette fordrar at det vert stilt strenge krav til mange ledd. Det må vera tydelegare krav og økonomiske insentiv til å utforma produkt som let seg attvinne. Det må òg vera nasjonale føringar for plastinnsamling i kommunane, og me må få betre kontroll på plasten som kjem ut på den norske marknaden. Det finst fleire tiltak som kan gjennomførast, og som kan gjera at situasjonen vert bra på sikt, konkluderer Løken.

Share this insight

Currently reading

Tek opp kampen mot plasten

Read more Impact stories