Deloitte på innsiden

Deloitte Førde

Revisjon og rådgjeving

Deloitte si verksemd i Sogn og Fjordane består av kontor i Florø, Førde og Sogndal. Totalt i fylket er vi kring 40 kompetente medarbeidarar som bistår våre kundar innan fagområda revisjon og rådgjeving.

Kontoret i Førde vart etablert i 1985 av Tore Jakob Madsen. Då var her tre tilsette og eit fåtal kundar. Sidan den tid har talet på tilsette og kundar auka vesentleg. Vi er i dag 12-14 personar knytt til kontoret i Førde, og vi har ein betydeleg marknadsposisjon i distriktet.

Vi arbeider hovudsakeleg innan fagområdet revisjon, men leverer også betydelege rådgjevingstenester til revisjonsklientar og andre. Spisskompetanse frå dei øvrige tenesteområda som er lokalisert utanfor vårt fylke, vert trekt inn etter behov. Vi arbeider mellom anna tett med vårt advokatfirma i Bergen. Som eit av dei leiande revisjons- og rådgivningsselskapa i Sogn og Fjordane, spelar vi ei viktig rolle i lokalsamfunnet og næringslivet i regionen. I tillegg til sterk lokal tilknyting, er Deloitte også nasjonalt fokusert. Det inneber at vi utfører oppdrag for våre kundar uavhengig av geografi og kontorstruktur.

Kundane våre er frå næringslivet, organisasjonar, kommunar og offentlege verksemder. Med kring 1.000 selskap på kundelista i fylket, har vi kunnskap om og erfaring med dei fleste bransjar. Vår filosofi er at uansett storleik og kundeforhold, skal våre kundar oppleve å bli ivaretekne på ein fagleg, profesjonell og personleg måte.

Det er både nødvendig og nyttig at kundane våre løpande vert haldne oppdaterte innan ulike fagområde. Derfor arrangerer vi jamnleg fagdagar, kundeseminar og frukostmøter i fylket. Vi støttar opp om ulike tiltak og arrangement i området. Eit levande og mangfaldig lokalsamfunn er også eit viktig element i vårt arbeid med å rekruttere og halde på dei beste medarbeiderane.

Kontakt oss

Hafstadvegen 25
6800 Førde

+47 57 72 13 80

Var denne siden nyttig?